Tilbake til alle arrangementer

Dyrk tomat og agurk

  • Lystgården 39 Kanonhaugen Bergen, Vestland, 5097 Norway (kart)

Det vert berre plass til 10 deltakarar, slik at vi mest truleg kan halde begge kursdagane som fysiske kurs, og likevel oppretthalde reglar for avstand og smittevern. Det er mulig vi set opp fleire kurs. Har du lyst til å dyrke tomat eller agurk i vinduskarm, drivhus eller solvarm krok?

Med rett kunnskap og litt flaks kan du hauste agurk frå mai til september og tomat frå juni til oktober. Men då må du så frø i starten av februar og ha vekstlys. Vi kjem også til å snakke om (og så frø av) chilli og paprika.

Kursdag 1, for å lære om såing og oppal: onsdag 10. februar

Kursdag 2, for å lære om ompotting, stell, kniping og gjødsling: onsdag 21. april

Du må melde deg på/gå på begge kursdagane

Pris: 400 for heile kurset

Om fysisk møte vert umulig, så vert det på web

Tidligere arrangement: 5. januar
Samling
Senere arrangement: 16. februar
Grunnkurs i birøkt 2021 (ByBi)