Bybonden i Bergen
Kan det bli fleire skular med kjøkenhage? Er det mogeleg å plante epletre i parkane våre? Vil fleire innbyggjarar ha høner i hagen? Kan bedrifter ha epletre og ripsbusker der dei ansatte kan få lov til å forsyne seg i pausane? Dette er nokre av spørsmåla bybonden skal stille.
Ida Kleppe vart ansatt som Bybonde i Bergen i november 2018. Bybonden skal bidra til å inspirere og dyktiggjere vanlege innbyggjarar og institusjonar til å dyrke meir av sin eigen mat. Ho skal kome med tiltak som kan engasjere ungdom til å velje bonde- og andre matfaglege yrkjer, og bruke urbant landbruk til å engasjere sosialt utsette grupper og nabolag.
Bybonden har arbeidsstad på Lystgården på Landås, som er eit senter for mat og bærekraft. Stiftelsen Lystgården, med Bærekraftige liv-nettverket er prosjektleiar for prosjektet, og Bybonden er ansatt hjå Vestland Bondelag.
Bybonden skal også vere der for dei store og små bynære bøndene. I og rundt Bergen finns det svært mange flinke og innovative bønder. Bergen er ein av UNESCO sine gastronomi-byar, og her vert verdas beste ost – Fanaost – produsert.
Bybonde Ida står også bak dokumentarfilmen ”Utan mat og drikke” (NRK 2017). I denne filmen spiser ho og familien berre norsk mat i ein heil månad.
Hjemmeside: https://www.bybondenibergen.no